
Velkommen til dagboka mi på nettet.
Kan ikkje love her kjem noko nytt kvar dag,men det blir sikkert ofte
Er visst nokre dagar sidan sist her..... Vi har hatt sååå mykje drittver no at det er like før eg går fra forstanden. Det har regna så mykje,så lenge at det har ikkje vore kjekt å sitje inne og sjå ut !!!! Regnbygene har vore så tette at vi ikkje har rekke å springe til postkassa og innatt før den neste har ausa ned
Trudde det skulle bli "likar" i dag.....for i stad såg vi sola....mellom regnet..
Er det rart vi blir deppa ??????? 
Ingenting positivt mellom bygene då ??? Tja...jau, eg har jo fått gjort handarbeid då. Er nesten ferdig med juleløperen (kjem snart bilde) og begynt å hekle ein juleløper; mønster frå Anne-Ruth. Bilde kjem..
Også har eg hjelpt datteren i huset med 4H-oppgåva. Ho er aspirant på 2.året så vi er ferske i faget. Dei skal ha Haustfest i oktober med utstilling av oppgåvene sine og div.program. Vi har masse flott ungdom som styrer med mykje forskjellig.....sjøl om ein del av dei ofte velger katt/kanin og andre kjæledyr.