
Velkommen til dagboka mi på nettet.
Kan ikkje love her kjem noko nytt kvar dag,men det blir sikkert ofte
Blir visst ikkje så mykje brukt denne her,nei. Sidan vi berre har hatt ISDN har det gått veeeeeeldig tregt å få opp desse sidene, derfor er den blitt lite nytta. Har brukt DENNE istaden.
Får sjå kor mykje denne blir brukt framover......... har fått breiband, og ser det går en del kjappare ja.
Endelig skal her bli litt oppdatering. Er ferdig med 2 hekla duker. Den firkanta er vel typisk juleduk siden den har bjeller, den andre er også juleduk her.....men har du ein anna farge kan den jo vere både påske og alt anna
Også har vi hatt haustfest i 4H. Der var mange flotte utstillingar. Vi har ein kreativ gjeng med barn og ungdommer. Her er bilde av utstillinga til datteren min (nærast) og besteveninna hennar.

I påvente av lysst til å begynne å falde juleløperen som no er (nesten) fredig, har eg sydd nålepute i hardangerssaum. Blir alltid restebiter av stoff som eg enda ikkje har funne noko å bruke på. Men etter å ha sete å bladd i premen med oppskrifter fann eg mønster på nålepute,brilleetui og nålemappe. Resultater ser dere her;

Den var så fort gjort å lage at det blir nok laga fleire. Kanskje det blir til nokre julegåver??
Er visst nokre dagar sidan sist her..... Vi har hatt sååå mykje drittver no at det er like før eg går fra forstanden. Det har regna så mykje,så lenge at det har ikkje vore kjekt å sitje inne og sjå ut !!!! Regnbygene har vore så tette at vi ikkje har rekke å springe til postkassa og innatt før den neste har ausa ned
Trudde det skulle bli "likar" i dag.....for i stad såg vi sola....mellom regnet..
Er det rart vi blir deppa ??????? 
Ingenting positivt mellom bygene då ??? Tja...jau, eg har jo fått gjort handarbeid då. Er nesten ferdig med juleløperen (kjem snart bilde) og begynt å hekle ein juleløper; mønster frå Anne-Ruth. Bilde kjem..
Også har eg hjelpt datteren i huset med 4H-oppgåva. Ho er aspirant på 2.året så vi er ferske i faget. Dei skal ha Haustfest i oktober med utstilling av oppgåvene sine og div.program. Vi har masse flott ungdom som styrer med mykje forskjellig.....sjøl om ein del av dei ofte velger katt/kanin og andre kjæledyr.
I kveld har eg vore på Riverdance-show. Det var berre ein heilt utruleg opplevelse!!! Utruleg at dei folka får med seg føtene. Og for ein kondis dei må ha !! Er berre mektig imponert. Dyr billett,javel,men det var verdt pengane. Det var ei irsk gruppe som opptrådde,(husker ikkje namnet på dei,sikkert noko vanskelig uansett
Dei har visst stor suksess. Anbefaler alle som har muligheit til det å gå å sjå dei.
Litt oppdatering ang.denne kvelden ; Gruppa heiter noko så enkelt som "Magic of the Dance" og ein av hovedpersonane var ein kar som heiter Michael Donnellan. Han er 2 gonger verdensmester i irsk dans. Han skulle forestille "hinn mann sjøl" og såg virkeleg slik ut. Det var berre horna i panna som mangla. Eg sat faktisk under heile forestillinga og mislikte fyren....stakkaren. Rett skal vere rett...han kom seg tilslutt under ekstra nummera. Då smilte han og vart ein heilt ny mann
Ein stooor opplevelse var det iallefall 
på Bravenet. Idag var bilda på plass igjen,gitt.
Nokon som vil ha ein knapp med meg?? Marianne har vore så snill å laga til meg. Men husk å link til sida mi,då !
No er eg sint,frustrert,lei meg,lei data og heimesider.
Kor er bilda i dei 2 forrige innlegga mine???? Plutselig bar dei berre borte og erstatta med teksten du ser no. Alltid må det skje noko slikt når eg endelig føler eg begynner å få taket på ting eg baler med
Det rare er at når eg logger meg inn der eg kan adm.sidene mine så ligg bilda der. Poenget mitt var jo å vise fram for heile verda,ikkje berre til meg sjøl. AARRGGGG,eg blir så eitrande ........

I dag fekk eg den nye sykkelen min
og måtte ut på prøvetur nesten med ein gong
Jenteturen vi hadde uti øyane,gjorde susen. Eg måtte ha sykkel,eg som ikkje liker å trimme
Men det er faktisk ganske kjekt å sykle....har eg funne ut
Kanskje eg får kondis til slutt ??
Ser ut som "alle" andre sykler, men er den ikkje litt fin då??
er over. Vi hadde ein flott tur. Vi bodde i hytter på Værlandet og tok ein flott sykkeltur til Bulandet. Dei har fått fleire nye bruer der ute så begge øyane er blitt knytta til kvarandre. Bruene var ganske bratte -iallefall for stakkars utrena meg- men jaggu sykla eg opp alle sammen !!!! Sidan det ikkje var så lange sidan der var bruåpning,måtte vi feire det

Var også på "bedriftsbesøk" hos LANDØY STEININDUSTRI Dei lagar diverse produkt av bergarten Black Beauty.
Eg vart faktisk litt hekta på sykling denne helga,så no skal eg kjøpe meg sykkel ! Og så fant vi ut at vi skulle begynne med "fellestrim". No skal vi ut å sykle ilag 2 gonger i veka....
Idag skal eg på tur! Vi er ein "damegjeng" her på Flokeneset som har klubb,som møtes ein kveld kvar 3.veke. (før hadde vi alltid med handarbeid,men det har vi visst gløymt no...) Om våren bruker vi å ha ei eller anna form for avslutning.....blåtur,går ut på restaurant,eller tar en kveld heime hos den eine. I år utsatte vi turen til no og i dag reiser vi til VÆRLANDET/BULANDET. Ei øy laaangt uti havgapet. Men det er populært reisemål, særleg i sommer har det visst vore mykje folk. Dei fekk nemleg bruforbindelse der ute så i sommar har det vore mange på sykkeltur der ute (las eg i avisa
Vi skal også sykle........og eg som ikkje har kondis
Desverre er det meldt drittver,men det får stå si prøve. Får skrive eit lite referat når helga er omme.
GRATULERER MED DAGEN TIL MIN MANN SOM HAR BURSDAG PÅ SØNDAG 